Får pengar til å utvikle tareteknologi

Nyheter
1406

Samarbeidet om å utvikle taredyrking i samspel med lakseoppdrett strekke seg attende til 2009, og i det omsøkte prosjektet inngår Selstad AS saman med partnarane Sulefisk, Salmon Group og Hortimare. Etter å ha jobba mykje med den biologiske tilnærminga, ynskjer ein no å industrialisere utstyret som skal nyttast til dyrkinga. Selstad vil her levere ein rigg som skal prøvast ut i stor skala ved Sulefisk sin lokalitet Fureholmen i Solund.

Roger Espeland og Job Schipper sjekker produksjonen.

-Vi meiner vi kan vere tett på eit gjennombrot i dette arbeidet, når vi no får prøvd det ut i industriell skala. Det er krevjande å gjere forretning ut av noko so framandt som å dyrke tare, men vi har kunna stø oss på samarbeid med aktørar frå andre stader i verda, seier Øyvind Kråkås, som er prosjektleiar for Integrert Akvakultur.

Målet er å kunne nytte proteinet i taren til humant konsum og fôr til mellom anna laks. Verda vil møte ein manko på marint protein, og saman med andre verdifulle stoff er taren rik på protein. Tare som vert dyrka nær lakseanlegg nyttar seg av næringssalt frå fisken, og veks difor godt. På same tid får ein reinsa havet og skapt eit meir naturleg økosystem rundt fisken. Dette meiner ein vil ha ein god påverknad også på laksen.

Marint Verdiskapingsfond er eit fond styrt av fylkeskommunen, og basert på innbetalingar frå konsesjonstildeling i oppdrettsnæringa.

-Vi meiner fondet har gjort ei svært presis tildeling gjennom å støtte vårt prosjekt. Her skaper vi ny primærnæring, teknologiutvikling og miljøførebygging ut frå naturgjevne føresetnader, seier Øyvind Kråkås.

Han understrekar og den lokale verdien av prosjektet.

-Her er det selskap med lokal tilknyting i Solund som går saman for å nyttegjere seg av lokale ressursar. Solund Næringsutvikling har bidrege i søknadsskrivinga, og Solund kommune har vore veldig positive til prosjektet heile vegen. Vi har og hatt god hjelp frå Innovasjon Norge i fylket.

Selskapet Hortimare AS er grunnlagt av hollendaren Job Schipper, som kom til Solund og etablerte seg med næringsaktivitet i 2009. Han har bakgrunn frå planteavl i jordbruket, og plukka opp ideen om algedyrking under eit opphald i Japan.