Fritt laksefiske etter rømming i Bremanger

Nyheter
685

Løyvet gjeld fram til 31. mai. Det er vanlegvis forbode å fiske laksefisk med garn i sjøen, noko som vanlegvis også gjeld rømd oppdrettslaks, melder NRK Sogn og Fjordane.

Marine Harvest har tidlegare varsla om rømming av 35.000 laks frå eit anlegg på Gulestø i Bremanger.

– Alt fiske må følgje ordinære reglar for fiske etter marin fisk i sjø. Dette betyr, at om du fangar oppdrettslaks på garn medan du fiskar etter marin fisk, så har du lov til å avlive den, melder Fylkesmannen på heimesida si.

Marine Harvest lovar 500 kroner for kvar fisk som vart fanga. Kring 1.000 fisk har blitt henta opp frå fjorden på denne måten.

– No har vi dialog med Fiskeridirektoratet og Fylkesmannen om gjenfangsten, så kor lenge den kan halde på veit vi ikkje, men det er viktig at den fangsten som skjer er i samsvar med dei reguleringar og løyva som fylkesmannen har gjeve, sa informasjonsdirektør i Marine Harvest, Ola Helge Hjetland til NRK nyleg.