Ingen store endringar i Norskehavs-kvotane

Nyheter
519

– Kvoteråda for 2015 speglar situasjonen i dei ulike bestandane: Silda slit framleis med rekrutteringa, makrellen er stabil, mens kolmulebestanden veks jamt og trutt, seier Katja Enberg, som leiar forskings- og rådgjevingsprogram Norskehavet på Havforskingsinstituttet.

I dag presenterte programleiaren kvoteråda for nvg-sild, kolmule, makrell, vestlig taggmakrell og nordsjømakrell frå ICES (det internasjonale rådet for havforsking). Den anbefalte kvoten for makrell er på 831 000–906 000 tonn, mens 2014-rådet lydde på 927.000–1.011.000 tonn. Sildebestanden minkar, og den etterlengta ”superårsklassen” lar venta på seg. Anbefalt kvote for nvg-sild er på 283.013 tonn; cirka 135.000 tonn lågare enn rådet for inneverande år, melder Havforskningsinstituttet.

Gytebestanden av kolmule er nestan dobla sidan 2010. ICES anbefalar ein kvote på 839.886 tonn, som er nesten 100.000 tonn lågare enn rådet for inneverande år. Ei av årsakene er at det er gjort ei endring i metoden som er nytta for framskriving av bestanden. Metoden er no i tråd med evalueringa av forvaltingsplanen, og medfører at 2015-rådet er om lag fem prosent lågare enn det hadde vore med den gamle metoden. Dei lyse utsiktene for kolmula kjem av god rekruttering og låge fangstar.

Begge dei to taggmakrellbestandane – vestlig taggmakrell og nordsjøtaggmakrell – slit med rekrutteringa, og det viser att i kvoteråda. For vestleg taggmakrell rår ICES til ein kvote som er mindre enn 90.304 tonn, medan kvoterådet for nordsjøtaggmakrell er sett til mindre enn 15.200 tonn.