Krill døde ikkje av avlusingsmiddel

Nyheter
836

– Det vart ikkje funne nokon restkonsentrasjon av dei tre stoffa vi analyserte for, seier forskar Ole Samuelsen.

Det melder Havforskingsinstituttet.

Les også: Tusenvis av død krill skylt i land i Sveio

Politianmelder Mattilsynet etter krill-død

I forkant av analysane vart det undersøkt kva kjemiske stoff som hadde vore brukt til avlusing i området før den døde krillen blei observert. Dei tre stoffa som var aktuelle var azametiphos, deltamethrin og cypermethrin. Ingen av desse vart funne i prøvane.

– Vi veit ikkje kva som var årsaka til at mykje krill døde i Ålfjorden no i haust. Det har også vore observert liknande tilfelle andre stadar tidlegare, men heller ikkje då har ein funne årsaka, seier Samuelsen.

Prøvane vart analyserte av Nifes.