Laksen er tilbake i Ekso

Nyheter
1657

Knut Eirik Møster skodar utover mektige Ekso, elva i Eksingedalsvassdraget som kan visa til merittar utover det normale i norske lakseelvar. Her har folk landa villaks på oppunder 30 kilo, her har engelske lordar boltra seg i kvelds- og nattfiske. Fem – seks laksar på mellom 15 og 25 kilo på ein kveld var ikkje uvanleg.

Men det er lenge sidan no. Den gongen Ekso var landets tredje største lakseelv, målt etter gjennomsnittsvekta på fangsten.

– Etter vassreguleringa som følgje av BKKs kraftutbygging på 70- og 80-talet, vart det stadig dårlegare forhold for Ekso-laksen, og i 1991 vart det heilt stopp for villaksefiske, seier Knut Eirik Møster, som er leiar i Ekso elveeigarlag.

Omfattande kalking, utsetjing av smolt, rognplanting, nye gytegroper, ei fisketrapp og ikkje minst eit unikt forskingsprosjekt i regi av Uni Research Miljø er mellom tiltaka som har fått villaksen tilbake i Ekso.

– Dessutan har BKK endra seg mykje med åra, no spelar dei på lag med oss. Betre og meir fornuftig køyring av både Myster og Evanger kraftverk har ført til ei jamnare vassføring enn tidlegare, legg Møster til.

Så bra er forholda blitt at Miljødirektoratet denne sommaren har ute til høyring forslag om å opna for villaksfiske frå 1. juli til 31. august 2016. Fylkesmannen i Hordaland tilrår det same.

Fiske etter sjøaure og oppdrettslaks har derimot vore tillate i Ekso i mange år, bortsett frå i fjor og i år.

– Årsaka til at ein stengde for alt fiske var rett og slett at det var kome så mykje villaks tilbake i elva. Det er jo eit særdeles godt teikn. Direktoratets tilråding om at vi etter 25 år på nytt kan fiska villaks i elva, er difor svært gledeleg.

Saman med elvelagsleiaren vandrar vi langs med Ekso, frå utløpet nede på Eidslandet inst i Eidsfjorden og oppover til første fossen, Eidsfossen. Vassføringa denne dagen er stor, men slik er det ikkje alltid.

– Det er BKK som regulerer vassmengda. Selskapet har gjort ein god jobb med å byggja mange tersklar, som gjer at vi får bassengliknande område, i tillegg til at det er grave ei djupne langs med land. Det bidreg til at elva ikkje «tørkar ut» ved låg vassføring og at fisken kan passera.

Ved Eidsfossen møtest Ekso og avløpsvatnet frå Myster kraftverk. Vatnet durar ut i elva frå ein tunnel og forsterkar vassføringa betydeleg.

– Tidlegare vart vatnet skrudd av og på. No driv vi med ei rolegare nedkøyring i staden for brå stenging. Det same gjeld når vi opnar igjen, seier Sissel Hauge Mykletun, fagansvarleg for vassdragsmiljø i BKK.

Ho er på rutinemessig inspeksjon i Ekso og tek oss med opp til Raudfossen. Her bygde BKK ei fisketrapp i 2011, noko som gjer at både sjøaure og laks i dag når heilt opp til Høsefossen.

– Vi har planar for tiltak også der, slik at fisken kan koma endå lenger opp i vassdraget.

BKK brukar mange millionar i året på miljøtiltak i regulerte vassdrag, dels fordi det inngår i konsesjonsvilkåra, og dels frivillig.