Lusetrykket må ned

Nyheter
732

Som grunnlag for Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger er det utarbeidd akvakulturanalyse med fokus på laks og regnbogeaure. Analysen tar utgangspunkt i dagens teknologi og lokalitetsstruktur, samstundes som det vert fokusert på moglegheiter for utvikling av ny teknologi, melder Hordaland Fylkeskommune.

SWOT-analyse
Det er utarbeidd SWOT-analyse der ein ser på sterke og svake sider, moglegheiter og truslar samt eigen moglegheitsanalyse og to ulike scenario for framtidig produksjon. Analysane er utarbeidd av Akvator og Uni Research.

Moglegheitene for å kunne utvikla oppdrettsnæringa samt ein eventuell framtidig auke i produksjonen i planområdet, ligg i å få kontroll på dei viktigaste utfordringane som næringa har i regionen. Dette er rømming og genetisk påverknad på villfisk, lusesituasjonen, sjukdomsbiletet samt forureining og utslepp.

Lusetrykk
Hovudkonklusjonen i analysen er at ein ikkje eintydig kan konkludera med at enkeltlokalitetar i planområdet bør fjernast eller flyttast. Det er difor andre omsyn og interesser som avgjør om det kan setjast av meir areal til oppdrett i planområdet. Det er i dag høgt sannsyn for dødelegheit innafor lakse- og sjøaurepopulasjonane i området som følgje av luseinfeksjon. Mye tyder på at lusetrykket må ned for å få ei berekraftig vekst i planområdet.

Det er ønskjeleg at produksjonsvolumet vert auka på gode lokalitetar og at dårlegare lokalitetar vert lagt ned. Dette vil  kunne gi positiv effekt på lusesituasjonen og betre kontroll med sjukdom og smitte. Betre koordinering med avlusing og brakklegging vil også gi god effekt.

Tilrettelegging for nye produksjonsformer som lukka anlegg og havgåande anlegg vil vere med på å auke moglegheitene for berekraftig utvikling av næringa.

Last ned «Akvakulturanalyse for Sunnhordland og ytre Hardanger»