Reagerer på utspel om visningsanlegg

Nyheter
960

– Ein må lure på kvifor Fiskeridirektoratet har tildelt visningsløyve dersom ein har dokumentasjon på at denne ordninga blir misbrukt, seier informasjonsansvarleg Øyvind Kråkås i Salmon Group. Nettverket representerer ei rekke visningsanlegg, og meiner direktoratet heller burde bidra til å utvikle ordninga.

Les også: Visningstillatelser til 300-400 millioner kroner 

– Våre visningsanlegg er påkosta anlegg, dei er tilrettelagte for publikum både når det gjeld tilgjenge, tryggleik og oppleving. Anlegga er ulike, med kvar sine særpreg, men felles for dei er at dei ynskjer å ta mot flest mogleg gjester. Utfordringa er å profilere anlegga godt nok, og difor har ein no engasjert seg i eit eige forum for visningsanlegg, administrert av NSL. Ein samarbeider og med museum, skular og reiselivsbedrifter for å auke besøkstala og sikre profesjonell oppfylgjing.

Salmon Group meiner det er unødvendig av Fiskeridirektoratet å mistenkeleggjere ordninga i media, når det er dei sjølve som forvaltar ho.

– Vi vil utfordre direktoratet på å klargjere kva forventningar dei har til visningsanlegga. Lovverket er svært utydeleg på dette, og det har medført at tildelingsprosessen for visningsløyve verkar lite transparent. Mange har søkt med spennande løysingar, utan å få tildeling. Om ein då heller ikkje har tillit til dei som får løyve, er det på høg tid å presisere kva meir ein ynskjer av ordninga. Vi meiner publikum sitt tilgjenge er viktig for næringa si informasjonsplikt, men det krev tilrettelegging å ta imot grupper og å ha eit kvalitetssikra opplegg. Samstundes må det vel vere eit poeng at eit visningsanlegg skal syne eit mest mogleg realistisk bilete av næringa, med anlegg i kommersiell drift? Ein ynskjer jo å syne fram ei næring, ikkje eit akvarium, seier Kråkås.