Rømming i Vanylven

Nyheter
1001

Det rømte om lag 2 000 laks frå Marine Harvest sitt anlegg Bjørlykkestranda i Vanylven kommune laurdags morgon.

Rømminga skjedde etter at ei not vart skada under ein operasjon på anlegget, melder Marine Harvest.

Fisken i den aktuelle merden vart overført til brønnbåt og talt. Den har ei snittvekt på 1,8 kilo.

Marine Harvest betalar 500 kroner i kompensasjon for kvar fanga fisk frå anlegget som vert levert tilbake. All fiske må skje i samsvar med gjeldande reguleringar satt av Fylkesmannen og Fiskeridirektoratet.

Marine Harvest ser svært alvorleg på hendinga, og vil i samarbeid med Fiskeridirektoratet og leverandørar undersøke korleis skaden har oppstått.

Marine Harvest ber om at spørsmål om innlevering av fisk frå anlegget vert retta til driftsleiar Knut Olav Skare (992 33 682) eller områdeleiar Otto Igland (918 93 266).