Salmon Blog: Det ordnar seg i sjøen?

Meninger
915

Der er nokre svært positive trekk ved havbruksmeldinga. Omsider ynskjer styresmaktene å gje kommunane inntekter frå dei midlane næringa betalar inn. Tidlegare har desse pengane vore tekne rett inn til stat og fylke. Det er i høgste grad rettmessig og på tide at inntektene frå næringa kjem dei områda til gode der oppdrettsaktiviteten føregår. Distrikta får behalde dei verdiane som blir skapt der, i større grad enn i dag.

Eit anna viktig element er at ein ikkje innfører tvungne utsett- og brakkleggingssonar. Her har Mattilsynet alt heimel til å innføre forskrifter, men erfaringane frå Vestlandet og Trøndelag tilseier at dette verkemiddelet ikkje fungerer etter hensikta. Samling av mykje stor fisk i avgrensa område gir vanskelege vilkår for lusebekjemping. Og lus frå «storfisksonar» smittar over til sonar med liten fisk. Tiltaka som vart innførte med brask og bram, har synt seg unyttige og kostbare. Næringa har til overmål vore nøydd til å spreie seg over større areal for å få utsetta til å gå opp.

Trafikklys-systemet som skal avvege miljøsituasjonen, synest å vere best tilpassa teoretiske rekneøvingar på tørre og varme kontor. Til gjengjeld vil det bli nok kontormat når dette skal forvaltast. Venteleg vil byråkratiet bak ei slik ordning stå i skarp kontrast til regjeringa si fanfare for å forenkle. Juristar kan trygt bestille nye dressar; her kjem næring til å stå opp mot styresmakter, og aktørar opp mot kvarandre, etter kvart som ordninga skal prøvast i praksis.

Så er det likevel ikkje slik at miljømål i seg sjølv skal få avgjere kven som skal få vekse. I tillegg skal der vere auksjon på prisen for ny kapasitet. Dette gjere at den flinkaste oppdrettaren i eit område kan stå att utan den veksten han sjølv har rydda grunn for, fordi han ikkje har kapitaltilgang nok til å vinne bodrunden.

Men det er likevel dei flinkaste oppdrettarane som vil avgjere framtida til norsk oppdrettsnæring. For uansett kor mange konferansar ein reiser rundt på og snakkar om «streng regulering» og «bærekraft», så er det drifta det kjem an på. Du må evne å halde fisken heil frå utsett til slakting, eller har du ikkje salsvare. Nokon må gå vegen i praksis, medan andre peikar frå talarstolen.

Og kampen mot resistent lus handlar om klokskap og satsingsvilje ute i felt. Det biologiske må vere på plass. Satsing på større smolt gir meir motstandsdyktig fisk, betre tilvekst og kortare eksponeringstid. God røkting førebyggjer helseproblem hos fisken. Ein fangar opp problem tidleg, og avpassar fôring og stressnivå etter forholda. Personellet på anlegga er nøkkelen. Dei viktigaste dressane i oppdrettsnæringa er kjeledressane.

Saman med Mattilsynet og fiskehelsetenestene må oppdrettsnæringa ha rom for å nytte sin kunnskap og sitt skjønn for å nytte verkemiddela mot lus på ein skånsam og effektiv måte. Ei mislukka avlusing er ei stor ulukke. Værtilhøve og fisken sin helsetilstand må takast omsyn til i arbeidet mot lus. Der må stimulerast til utvikling av ny teknologi og ikkje-medikamentelle metodar. Det vil bli kostbart, med naudsynt.

Med ein god arbeidsinnsats kan luseproblema nedkjempast, og styresmaktene får æra av å dele ut vekst som kjem kommunar, fylke, stat, arbeidstakarar, leverandørar og oppdrettarar til gode. Og so laksekundane då, sjølvsagt. La oss ikkje gløyme dei oppi det heile.