Politiet måtte betale boten

Nyheter
687

I september i fjor skreiv Sogn og Fjordane politidistrikt ut av ei av dei største bøtene til eit oppdrettsselskap nokon gong. Marine Harvest måtte betale to millionar i bot og tole inndraging av ti millionar kroner frå omsetninga av smolt og setjefisk frå anlegget på Haukå i Flora.

Marine Harvest godtok ikkje bota frå politiet og gjekk til sak. No har Fjordane tingrett avgjort at politiet ikkje hadde grunnlag for å ilegge selskapet noko bot og inndraging.

Tingretten har i staden dømd politiet til å betale Marine Harvest sine sakskostnader på nær 250.000 kroner, melder NRK Sogn og Fjordane.

Saka dukka opp hos politiet etter at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane melde verksemda for overproduksjon av setjefisk, og dermed for mykje utslepp av avfall til fjorden.

Men tingretten meiner at bevisa for at Marine Harvest har gjort det fylkesmannen hevdar medvite er for dårlege. Dei kritiserer også fylkesmannen for å ha brukt svært lang tid på sakshandsaming av utsleppsløyva til anlegget på Haukaa i Flora.